I første del har eg plukka ut nokre av Bates sine tips frå bolken «Hidden features of the Big Three SEs», altså søkemaskinene Google, Yahoo og Live. (Gå til engelsk versjon dersom du får opp den norske på din PC).
– få resultata gjennom eit filter ved å legge til view:info, view:timeline eller view:map til søkeorda. (berre i engelsk versjon av Google).
– forbetra nyheitssøk. Nyheitssøket har arkiv som går ganske langt bakover: news.google.com/archivesearch. Kan bla i søk frå ein periode.
– bruk Firefox som nettelesar og tilpass Google! Du kan feks få nummererte resultat, fjerne sponsa lenker (remove adds) m.m. Har ikkje sjekka om dette går med google.no.
– iGoogle – lag di eiga personlege startside (kjent frå 23-ting)
– søk synonym med tilde-teiknet. (gjeld ikkje norske ord). ~word, feks. ~obesity gir også treff på diabetes, diet, overweight, weight loss.
– hermeteikn er ikkje berre nyttig for frasesøk. Kan også brukast til å søke på det eksakte ordet. (utan det gir søk på dietary også treff på diet)
– ver obs på at Google (utan innlogging) automatisk personaliserer. Tar utgangspunkt i kva det har vore søkt på før på ein pc. Derfor kan to personar få ulike søkeresultat, bl.a. med omsyn til kva som blir presentert på toppen.
Ei god søkemaskin som vi ikkje må gløyme å bruke!
– SearchWiki: Mulig å flytte eller fjerne treff i trefflista.(Må vere logga inn) Ved akkurat same søk seinare vil treffa vere sortert på same måte.
– «feature:ing» høyrest lurt ut:
feature:index – viser berre startsider, ikkje undersider. (Taklar ikkje Flash)
feature:table – viser sider som inneheld tabellar.
feature:image – viser sider som inneheld bilde (NB! Ikkje det same som bildesøk).
feature:audio – viser sider som inneheld lydfiler.
feature:video – viser sider som inneheld video.
– Search Assist -funksjonen verkar også svært nyttig. Får forslag om innsnevringar, som fraser o.a. Prøv feks å søke på autism. Må bruke yahoo.com (ikkje i yahoo.no), så fungerer vel best på engelske søkeord. Funksjonen er litt skjult. Ligg som ei nedoverpil under søkefeltet når du skriv, eller over trefflista.
Live (www.live.com)
– «prefer» option. Føy til prefer:søkeord for å få desse treffa høgare opp på trefflista. Eksempel: «hybrid cars» prefer:convertible
Framhald følgjer…