Arkiver for april, 2009

Norge.no – vegvisar i det offentlege

norge-noNorge.no er ein nasjonal vegvisar til offentleg informasjon og offentlege tenester. Målgruppa er «folk flest» som treng offentleg informasjon, men er sjølsagt også ein nettportal som vi på biblioteket bør kjenne godt til, for best mulig å kunne hjelpe brukarane våre med å finne offentleg informasjon.

På norge.no finn du blant anna:

  • temasider som feks familie, arbeid, skatt, skole og utdanning. Hovudemna er inndelt i underemne og har nyttige lenker til informasjon
  • ofte stilte spørsmål
  • nyheiter frå det offentlege
  • oversikt over offentlege kontor og kontakinformasjon
  • inngang til Minside (via MinID)
  • informasjon på engelsk via www.norway.no
  • søkefunksjon
  • i tillegg til at du kan ringe norge.no (800 30 300) eller sende e-post (info@norge.no) kan du også nå tenesta via nettprat.

– Liv

Advertisements