Bibliofiltips!

Stopp 1/2 torsdag 17.9. handla om smarte og nyttige  funksjonar i Bibliofil. Det er etterkvart så mange muligheiter at det er vanskeleg å ha oversikt over alt, og kanskje gjer vi ting unødvendig tungvint innimellom.
Det som vart omtala var:

TK-søk
– Mulig å vise lånaropplysningar (namn, adresse m.m.) på bestand, både på status utlånt og til avhenting. Klikk med høgre eller venstre mustast på lånarnummeret.

– Kommandoen «endreres <kønr>». Denne kan vere nyttig dersom ein vil endre henteavdeling. For oss på hovudbiblioteket er kommandoen også nyttig når vi skal hente reserverte bøker i bokbussmagasin. Gjeld bøker som vi ikkje finn oppe,men som bussen har. I slike tilfelle må reserveringa endrast frå vanleg  res til res glob. Endringa kan enkelt gjerast i det skjermbildet ein får opp med endreres-kommandoen.

– Minner også om at det er mulig å få fram omslagsbilde også i TK-søk.  Står det «Har katalogkrydder» under posten er det berre å klikke der, eller ev. å bruke kommandoen «vis (v) krydder».

TK-utlån
– Mulig å sende e-post direkte frå utlånsbildet. Gå på fanekort for utlån og ta opp ønska lånar. Ver samtidig innlogga med avdeling  i Squirrel-mail. Dobbeltklikk med venstre mustast på e-postadressen. Vips så har du e-postadressen i til-feltet på Squirrel og det er berre å skrive i veg.

– Mulig å sende SMS direkte frå utlånsbildet. Gå på fanekort for utlån og ta opp ønska lånar. Dobbeltklikk med venstre mustast på mobilnummer i feltet Mobil. Visp så kjem det opp eit felt du kan skrive meldinga i og ein sendeknapp. Det er ikkje mulig for lånaren å svare på denne SMS-meldinga. Likevel ein fin muligheit for korte beskjedar.

– Det er mulig å sjå innhald på purring ved å klikke på høgre mustast. Gjeld også gamle ubetalte purringar der bøkene er levert.

Websøk
– Når ein har behov for å sende over ei litteraturliste på e-post blir det sjeldan noko fint med å kopiere og lime inn ei treffliste frå TK-søk. Da er det betre å bruke websøket og kopiere den URL’n som ei treffliste får.(Ligg heilt nederst under trefflista eller posten). For at URL’n ikkje skal bli så kjempelang lønner det seg å bruke CCL-søket. Det gir litt ryddigare URL enn når ein brukar vanleg søk. Klikk med på URL’n med høgre mustast og kopier. Lim inn i e-posten.

Dersom URL ikkje kjem fram må du gå på «Flere innstillinger», eit valg som ligg ganske så bortgøymt, nederst i høgre hjørne på skjermbildet i websøk. Velg så Ja for «Skal URL for søk vises?»
URL til treffliste eller post er dessutan ein funksjon som vi brukar svært mye på websidene våre, så altså nyttig å kunne for dei som publiserer. Her er feks lenke til trefflista eg fekk ved å søke på krim/lg og sp=nno i CCL i websøket.

MappMi
– Lurt å bruke MappaMi aktivt sjøl. Da er det lettare å svare på spørsmål frå lånarane.

OSS
– På www.tfb.no har vi ei side med Ofte stilte spørsmål. Ta ein kikk!

– Liv

Advertisements

0 Responses to “Bibliofiltips!”



  1. Legg igjen en kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s





%d bloggers like this: