Archive for the 'Bibliotekartips' Category

Bibliotekkonferanse i nord

svolvær

Vi var to, av svært få søringar, som var så heldige å få reise på Bibliotekkonferansen i Nord, i Svolvær 23.-24. april. Konferansen hadde eit omfattande og variert program, med både bibliotekpolitiske / strategiske tema og fagstoff på detaljnivå. Dag to var hovuddagen med fleire parallelle sesjonar. Vi valde begge å gå på «Navigasjon: Digitale ressurser».
Skal i det vidare kort ta for meg tre av navigasjonsinnlegga her:

1) H e l s e i n f o  v i a  f o l k e b i b l i o t e k :
utfordringer med å veilede i digitale ressurser v/Elin Opheim,  leder for bibliotektjenesten ved Sykehuset Innlandet

Kva for rolle kan folkebibliotekene ta innanfor området helseinformasjon? Biblioteket ved Sykehuset Innlandet og Stange bibliotek hadde gått saman om eit prosjekt (forprosjekt) for å sjå på dette området.

Målgrupper for helsinfo: innbyggarar, sunne og sjuke. I tillegg helsepersonell (samhandlingsreformen gir auka behov for kompetanse) og  bibliotekarar.

Prosjektet har særleg gått på kompetanseheving for bibliotekarar.

Nokre nyttige nettsider som vart nemnt:

helsenorge.no – offentleg helseportal

Store medisinske leksikon – (blir ikkje oppdatert)

Norsk helseinformatikk   – sjukdommar etter kategori. Om nhi.no

www.helsebiblioteket.no  – pasientinformasjon! Her her det mye som er gratis og tilgjengeleg for alle. Tfb har i tillegg no IP-tilgang på skrankepc’ar og i publikumsnett og har dermed full tilgang til det meir spesialiserte stoffet også.

Heile foredraget.

******

2) G o o g l e  o g  m y e  m e r   f o r  f o l k e b i b l i o t e k
v/ Even Flood, universitetsbibliotekar ved NTNU

Kva kan folkebibliotek og folkebibliotekarer tilby av kvalitetssikret informasjon?
1. Rettleiing i å finne informasjon. 2. Maskiner med tilgang til baser.

I foredraget tok han hovudsakleg for seg gratistenester som: Google, Wikipedia m.fl., og kom også inn på nokre betalingstenester.

Google
Nyttig i Google: domenesøk, dvs. avgrense søket til eit domene.
Eks.: energi miljø site:uit.no  (Universitetet i Tromsø)

Wikipedia
Flood-sitat: «Bruk wikipedia som et ypperlig startpunkt, men ikke stopp der!»

I engelsk Wikipedia er artiklane no ofte skrivne av profesjonelle.  Dessutan er dei kjeldebelagt, og det er redaktørkontroll.

Wikipedia (engelsk) betre enn Britannica på små emne.

Wikimedia commons
commons.wikimedia.org
Wiki for bilder. Bruken av desse er fri, men oppgi alltid kjelde.

WolframAlpha
http://www.wolframalpha.com/
Eksempel på neste generasjons søkeverktøy, som prøver å gi svaret, ikkje berre lenker. Førebels ikkje til å stole på.

Open Access
Faglege artiklar som er åpne for alle.

DOAJ: Directory of Open Access journals, http://www.doaj.org : online katalog over tidsskrift som er redigerte og fritt tilgjengelege.  Innheld også ein del norske/nordiske tidsskrift (34 stk)
Er lenka til på vår interne oversikt over fulltekstdatabaser. http://www.tfb.no/privat/fulltekstbaser.html

Google Scholar
scholar.google.no
Google sitt søk for akademisk litteratur: artiklar, samandrag, utdrag mm. Fulltekstsøk. Blir stadig betre, i følge Flood.

B e t a l i n g s b a s e r
Idunn.no
www.idunn.no
Nordens leiande database for fagtidsskrift.

ISI Web of Science
Tverrfagleg bibliografisk siteringsdatabase. Les om kva siteringsindeks er.

Springerlink
http://link.springer.com/
Forskingsmateriale, men også ein del gode oversiktsartiklar. Hovedtyngda er innanfor vitskap, teknologi, medisin.
Noko er gratis: bibliografiske opplysningar og samandrag + artiklar som er Open access.

Fjernlånsproblem
med overgang til elektronisk materiale! Slikt materiale kan ikkje kan lånast inn av folkebiblioteka.
35 % av fjernlånstrafikken går i dag mellom folke- og fagbibliotek.

Les heile foredraget her: www.folk.ntnu.no/flood/foredrag/svolvaer.ppt

*******

3) A k t u e l le  p e r s p e k t i v  p å  O p e n  a c c e s s
v/ Jan Erik Frantsvåg, rådgiver ved Universitetsbiblioteket i Tromsø

«En slags definisjon:

At alle skal ha fri tilgang til å lese og gjøre seg kjent med innholdet i vitenskapelige publikasjoner, og til å utnytte innholdet på alle lovlige måter (skrive ut, lenke til, kopiere, distribuere osv.) uten andre begrensninger enn at man må ha tilgang til internett, forutsatt at opphavspersoner har kontroll over integriteten til sine skrifter, og har krav på å bli angitt som opphavspersoner.»

OA er kun retta mot vitenskapelege publikasjonar (ikkje lærebøker, ikkje popularisert vitskap …)

Bakgrunnen for OA er økonomisk og ideologisk. OA er til beste for vitenskapen og samfunnet!

OA Gull: publisering i OA-tidsskrift. (DOAJ med 9000 tidsskrift ca)

OA Grønn: eigenarkivering i vitenarkiv, feks ved ntnu

Gull OA Norge: 34 norske tidsskrift på norsk, engelsk nordisk.

Grønn OA Norge: ca 50 arkiv frå Universitet og høgskolar. Halvparten er masteroppgaver. Elles artiklar, avhandlingar … ca 71 000 dokument. Oversikt over norske publiseringsarkiv.

«Grått» materiale blir meir tilgjengeleg enn før.

Kor er det søkbart? Bibsys, som vi kjenner godt, men, gjer deg også kjent med NORA (prøv t.d. eit søk på Trondheim)

Vekst i OA globalt. Frantsvåg meiner OA på sikt vil bli den dominerande måten å publisere vitenskapeleg materiale på.

Les heile OA- foredraget .

******

Andre tilgjengelege foredrag.

Liv

Reklame

Kasseringshjelp i Bibliofil

I Bibliofil er det mange nyttige funksjonar! På oppmoding skal eg repetere «kasseringsrapporten» frå Stopp 1/2 den 15. april. Rapporten er ei hjelp i kasseringsarbeidet, da ein på ein enkel måte kan få opp ein oversikt over eksemplar som ikkje har vore lånt ut etter eit gitt tidspunkt.

Rapporten finn du i Statistikkmodulen i Bibliofil under fanekortet Utlån. Deretter

– Velg «Eksemplarer ikke utlånt siden».
– Sett dato for «Ingen utlån etter dato», feks to år tilbake eller kva måtte du synest er høveleg.
– Velg ønska eigaravdeling. På VA må ein ta ut to lister, ei for thbv og ei for stfv.
– Skriv inn ønska søkebegrep (CCL-søk). På VA kan det lønne seg å sette opp søket med «ikke plass=hovedmag».

Eksempel på søk med Dewey-grupper:
alle 70*/kl ikke plass=hovedmag
alle 54*/kl ikke plass=hovedmag
alle 398*/kl ikke plass=hovedmag

Klikk Enter og sjekk at valga vart slik du ønska. Velg til slutt «Send til skriver»

Ver obs på at dei aller lengste Deweynumra ikkje visest fullt ut på utskrifta.

Lykke til!

– Liv

Søkbare referansearkiv

Biblioteksvar lanserte for nokre dagar sidan sitt nye søkbare arkiv http://biblioteksvar.no/arkiv/. Her kan du søke blant 6000 tidlegare spørsmål og svar.
Vil i same slengen minne om det søkbare arkivet over spørsmål som har vore oppe på e-postlista for referanse.
Står ein fast kan det vere lurt å sjekke begge desse plassane for å sjå om nokon har hatt spørsmålet før.

Her er elles ein oversikt over alle e-postlistene til Nasjonalbiblioteket.

– Liv

 
 

 

Norge.no – vegvisar i det offentlege

norge-noNorge.no er ein nasjonal vegvisar til offentleg informasjon og offentlege tenester. Målgruppa er «folk flest» som treng offentleg informasjon, men er sjølsagt også ein nettportal som vi på biblioteket bør kjenne godt til, for best mulig å kunne hjelpe brukarane våre med å finne offentleg informasjon.

På norge.no finn du blant anna:

  • temasider som feks familie, arbeid, skatt, skole og utdanning. Hovudemna er inndelt i underemne og har nyttige lenker til informasjon
  • ofte stilte spørsmål
  • nyheiter frå det offentlege
  • oversikt over offentlege kontor og kontakinformasjon
  • inngang til Minside (via MinID)
  • informasjon på engelsk via www.norway.no
  • søkefunksjon
  • i tillegg til at du kan ringe norge.no (800 30 300) eller sende e-post (info@norge.no) kan du også nå tenesta via nettprat.

– Liv

Norgeslån

Norgeslån er en tjeneste som gjør det mulig å bestille fra et hvilket som helst bibliotek, få det levert til ønsket bibliotek og eventuelt levere tilbake på et tredje! Det er foreløpig bare bibliotek som bruker biblioteksystemet BIBLIOFIL® som kan tilby Norgeslån fullt ut.
http://bibsyst.no/produkter/publikum/norgeslan.php

Hvordan går man frem?

  • Låner må ha nasjonalt lånekort
  • Søker fortrinnsvis i regionalt søk, feks. Trøndelag
  • Bestiller selv titlene, og velger henteavdeling selv

Teknisk vil det for biblioteket se ut som et vanlig fjernlån/innlån, bare at typen lån er LII (=Lånerinitiert Innlån).  Hentebiblioteket mottar innlånet og brev sendes låneren.

Begrensninger hos eierbiblioteket

Bibliotekene kan selv sette begrensninger på hva som kan lånes ut. Hos oss har vi satt samme begrensninger som for fjernlån. Gjelder DVD og medier på CD (ff=ee eller ff=dh eller ff=di eller ff=dc). Andre bibliotek har også begrensning på år (titler utgitt inneværende år) og andre medietyper. De kan også velge å reservere seg mot alle typer forespørsler (sette begrensning til helebasen).

Hvilke bibliotek kan det lånes fra og til?

I utgangspunktet skal alle bibliotek som benytter seg av NILL-standarden for fjernlån kunne motta Norgeslån, være hentebibliotek. Så langt er det bare Bibliofilbibliotek det kan både bestilles fra og være hentebibliotek. Du vil altså få treff i samsøk hos alle bibliotek som har den aktuelle tittelen, men får ikke muligheten til å bestille fra alle bibliotek. BIBSYS-bibliotek har ikke åpnet for Norgeslån, dette er kun mellom folkebibliotek og enkelte kombinasjonsbibliotek. Det jobbes med at bibliotek som bruker Mikromarc og andre systemer også skal kunne bestilles fra.

Hva svarer vi lånere som spør om tjenesten?

Vis gjerne til informasjon på våre nettsider. Oppfordre til bruk av regionalt samsøk. Materiale vil komme raskere frem jo nærmere eierbiblioteket det bestilles fra er. Opplys om at ikke alle bibliotek låner ut alt. Låneren vil ikke få beskjed om dette før en kommer til reserveringsdialogen etter innlogging. Det kan også være ventelister hos andre bibliotek. Ikke alle bibliotek er like kjent med Norgeslån, og det kan derfor oppstå misforståelser og materiale som ikke kommer frem.

– Mildrid og Marianne

Store danske

Da er også Store danske encyclopædi på lufta, – i nokonlunde same form som Store norske.

Liv

Power Searching on the Web, del 2

Da skal eg prøve å trekke ut nokre fleire tips frå det fullstappa søkekurset eg var på i begynnelsen av desember. 
Etter gjennomgangen av dei tre største søkemaskinene (sjå del 1), var det gjennomgang av ei mengd med andre søkemaskiner. Her er eit utvalg:

Exalead vart det brukt ein del tid på.  Denne søkemaskina har mange avanserte muligheiter når det gjeld staving og avgrensingar. Feks kan du avgrense til commercial eller non-commercial  sider.  Har trunkering (*) og near-operator.

Gigablast vart trekt fram for å ha great complex search and ranking toools.  Ein stor fordel er at det  ikkje er ads (altså reklame og sponsa lenker).  Har grupperingsfunksjon (Gigabits clustering) i trefflista.

SnapSearch visualiserer søkeresultata. Viser treffliste og aktuell side i to tabellar ved sida av kvarandre.  Enkel å navigere i.

Powerset.com søker berre i Wikipedia (den engelskspråklege versjonen, ser det ut som). Anbefaling om å sjekke ut Factz-funksjonen.

NationMaster.com – såg veldig interessant ut. Visualiserer statistikk om land. Data kjem frå WHO, CIA World Factbook, UNESCO, OECD m. fl.

Kosmix såg spennande ut.  Sitat: Great integration of web media. Organiserer søkeresultat i grupper (Topics)

Bates gjekk også gjennom spesialsøkeverktøy for web 2.0, dvs. bloggsøk, twitter (mikroblogging), podcast, diskusjonsgrupper m.m. Var greitt å ha 23-tingkurset i botnen da!
Her skal eg berre ta med ein nettstad for web 2.0-metasøking, nemleg
Keotag.com 

 Shop around!
Liv

«Power Searching on the web», del 1

4.12. var eg på eit søkekurs i regi av NFF og skal her prøve å formidle nokre tips frå ein tettpakka program med informasjonsekspert Mary Ellen Bates frå BatesInfo.com .   Sidan det er så mye stoff deler eg det opp i to blogg-innlegg.

I første del har eg plukka ut nokre av Bates sine tips frå bolken  «Hidden features of the Big Three SEs», altså  søkemaskinene Google, Yahoo og Live. (Gå til engelsk versjon dersom du får opp den norske på din PC).

Google (www.google.com)
– få resultata gjennom eit filter ved å legge til view:info, view:timeline eller view:map til søkeorda. (berre i engelsk versjon av Google).

– forbetra nyheitssøk. Nyheitssøket har arkiv som går ganske langt bakover: news.google.com/archivesearch. Kan bla i søk frå ein periode.

– bruk Firefox som nettelesar og tilpass Google! Du kan feks få nummererte resultat, fjerne sponsa lenker (remove adds) m.m. Har ikkje sjekka om dette går med google.no.

Simpy Google – ei utmerka oversiktsside (ikkje Google som har laga).  

iGoogle – lag di eiga personlege startside (kjent frå 23-ting)

– søk synonym med tilde-teiknet. (gjeld ikkje norske ord). ~word, feks. ~obesity gir også treff på diabetes, diet, overweight, weight loss.

– hermeteikn er ikkje berre nyttig for frasesøk. Kan også brukast til å søke på det eksakte ordet. (utan det gir søk på dietary også treff på diet)

– ver obs på at Google (utan innlogging) automatisk personaliserer. Tar utgangspunkt i kva det har vore søkt på før på ein pc. Derfor kan to personar få ulike søkeresultat, bl.a. med omsyn til kva som blir presentert på toppen.

Yahoo (www.yahoo.com)
Ei god søkemaskin  som vi ikkje må gløyme å bruke!

SearchWiki: Mulig å flytte eller fjerne treff i trefflista.(Må vere logga inn) Ved akkurat same søk seinare vil treffa vere sortert på same måte.

«feature:ing» høyrest lurt ut:
  feature:index  – viser berre startsider, ikkje undersider. (Taklar ikkje Flash)
  feature:table  – viser sider som inneheld tabellar.
  feature:image  – viser sider som inneheld bilde (NB! Ikkje det same som bildesøk).
  feature:audio  – viser sider som inneheld lydfiler.
  feature:video  – viser sider som inneheld video.

Search Assist -funksjonen verkar også svært nyttig. Får forslag om innsnevringar, som fraser o.a. Prøv feks å søke på autism. Må bruke yahoo.com (ikkje i yahoo.no), så fungerer vel best på engelske søkeord.  Funksjonen er litt skjult. Ligg som ei nedoverpil under søkefeltet når du skriv, eller over trefflista.

Live (www.live.com)
«prefer» option. Føy til prefer:søkeord for å få desse treffa høgare opp på trefflista. Eksempel: «hybrid cars» prefer:convertible

Søk etter sider med feeds. At sider har feeds betyr gjerne at det er aktive sider. hasfeed:søkeord
– Litt meir spesielt, men prøv «fjes-søk» på images.live.com: filter:face, filter:portrait. Også mulig å filtrere til svart/kvitt. Eksempel: titanic filter:face filter:bw– Liv

Framhald følgjer…

Biblioteksvarernes favorittlenker

Tipser om fine lenker for referansearbeid som ble publisert på Biblioteksvarloggen i dag. Stikk innom og se!

Legger inn noen av disse i vår egen nyttige lenker-samling.

– Mildrid

Oversikt over oversatte bøker

Liv H har vært i kontakt med NORLA og fått en bruksanvisning på hvordan finne oversikt over norske bøker og forfattere som er oversatt til andre språk;
Hei,

NORLA fører nemlig ikke slike lister lenger. Det er kun titler som det er søkt om oversettelsesstøtte for som registreres her hos oss. Men gå til:

http://www.nb.no/baser/norbok2/norbok.php

Under Norsk bokfortegnelse (rullegardinmeny)
Søk i Norvegica Extranea

Person: for eks – Gaarder, Jostein
Hvis du vil se flere eller alle som er oversatt, la stå åpent

Deweynr. For skjønnlitteratur: 839.82?

Utgivelsesland: La stå åpent

Språk i dokumentet: Velg i menyen

Oversettelse fra: La stå åpent

SØK

Når listen kommer opp: Alle poster i ISBD format (for alle opplysninger)

Vennlig hilsen
Ingrid Overwien
NORLA

Klipt og limt av Mildrid