Posts Tagged 'Add new tag'

Biblioteksvarkurs

Fredag 6. juni var det regionalt Biblioteksvar-kurs i Trondheim. Vi, i alt 20 deltakarar, derav 7 stk som høyrde til på «huset», fekk ein varm og lærerik dag.

Det var to hovudforedrag, i tillegg til oppfrisking av programvare. Først ut var Stian Lindbøl: «Er de lange teksters tid forbi? Et foredrag om barn og unges bruk av digitale medier som Internett, mobil og dataspill». Han er prosjektleiar for «Trygg bruk» ved Medietilsynet og presenterte hovudresultata i «Trygg bruk-undersøkelsen 2008» – ei stor og detaljert undersøking som tek for seg barns mediebruk. Ei oppsummering av foredraget hans finnst på Biblioteksvarbloggen. Eit funn, eg sjølv synest er interessant, er at barn og unge har vorte meir kritiske til informasjonen dei finn på nettet. I 2003 meinte halvparten at det meste av informasjonen på Internett var sann. I 2008 er det 19 % som meiner at alt det dei finn er sant, medan 31 % meiner at det meste er sant. Dette tyder på at fleire har lært at dei må vurdere informasjonen dei finn. Rapporten kan lastast ned på pdf, men finnst også i trykt format. Ellers mye nyttig stoff på nettsida til Trygg bruk. Ta ein kikk!

Roar Storleer, NTNU, heldt foredraget: «Hvordan finne nåla i høystakken i vevarbeidet? Tjenester, søkemotorer og kvalitetssikring på Internett.» – Eit foredrag spekka med nyttige detaljar. Noko var kjent stoff, noko var nytt og noko var godt å få repetert.
Google har utruleg mange muligheiter og vart grundig gjennomgått. Men, ikkje gløym at det finnst andre søkemaskiner. Yahoo er også ei bra søkemaskin med stor database, som vi må hugse å bruke. For norske/nordiske forhold kan det i mange tilfelle vere lurt å bruke Sesam og Kvasir.

Nokre av Google-tipsa:
– Ver obs på at engelsk versjon har fleire tenester enn den norske! Klikk på Google com in English nederst til høgre i skjermbildet på den norske Google-søkesida.

– Bruk kommandoen define, viss du skal ha ei kort forklaring på eit begrep. Eks: define:html . Da får du avgrensa ei meir avgrensa treffliste, enn om du søkjer berre på html. Kan brukast i norsk versjon av Google, også, men søketermen må vere engelsk.

– Andre snertne triks som kan spare deg for tid.
Tidsline: Trondheim view:timeline . Berre i engelsk versjon. (men du vil sjølsagt få treff på orda også i den norske)
Veret: Weather in Istanbul. Berre i engelsk versjon. (som over)
Tid: Time in Cairo. Berre i engelsk versjon. (som over)
Befolkning: Polulation in India. Berre i engelsk versjon (som over).
Kart: Map Oslo. (Nesten likt i engelsk og norsk versjon).

Google kan også brukast som vanleg kalkulator, til omregningar og som valutakalkulator:
Prøv feks:
340+531, 340-97, 340 x 60, 340/7 (/ er deletegnet)
30 C to F (Celsius til Fahrenheit).
– 150 pounds to kg
– 1200 EUR to USD
Alle desse går både i norsk og engelsk versjon.

Bruk også det avanserte søket , som gir ein del muligheiter til å avgrense. Merk at Google Scholar har fleire muligheiter til feltsøking i sitt avanserte søk. Her går det bl.a. an å søke på forfattar.
Biblioteksvarbloggen finn du fleire tips frå foredraget. Sjå ellers Google Products for oversikt over mengda av tenester Google tilbyr. På Labs kan du sjå dei nyaste ideane det blir jobba med i Google.

– Liv

Reklame

Tips om passord og brukernavn

Etterhvert så får man mange passord og brukernavn å holde rede på. Det gjør også at vi dessverre lager de for enkle, slik at vi skal kunne huske de…… her er noen tips i den forbindelse fra programmet Click som går på BBC World.
Se http://www.bbcworld.com/Pages/ProgrammeFeature.aspx?id=18&FeatureID=675 

-Frode