Posts Tagged 'Landbaser'

Lenketips om land

Dette var tema på Stopp 1/2 for ei stund sidan. Hovudsaka var å vise nettsider der ein kan finne god informasjon om land – til skoleelevar og andre. Afrika.no, frå Fellesrådet for Afrika, er ein bra plass å gå dersom ein får spørsmål om dagens situasjon i afrikanske land. Hadde spørsmål om situasjonen i Sør-Afrika, og fann landprofil for 2006-2007 her. Afrika.no har geografisk og tematisk inndeling (feks hiv, olje..). Encyclopaedia of the Orient er laga i Norge, men er på engelsk. Presenterer arabiske land (Nord-Afrika og Midt-Østen) frå ein annan synsvinkel enn den vestlege. I tillegg til landinformasjon er det kartinngang der det er mulig å klikke på stadnamn og få opp info. Dessutan detaljert leksikon med masse oppslagsord, bl.a . på personar. På Global.no finn ein informasjon om Nord-Sør spørsmål og internasjonal utvikling. Søkbar lenkesamling – land og tema (feks mikrokreditt). På Landinfo frå Utlendingsforvaltningen er det aktuell informasjon om land Norge mottek flyktningar og asylsøkarar frå.
Landguiden er ein betalingsbase. Her er informasjon om enkeltland, men også ein muligheit for samanlikne to eller fleire land. (Eks. levealder kvinner i nordiske land). Ein annan bra plass for jamføring av land er InfoNation frå FN. Litt meir komplisert å bruke kanskje, så lurt å bruke litt tid på å sette seg inn i denne. BBC Country Profiles er rekna for å vere veldig bra. Legg merke tilleggsfunksjonar som «Timeline» med lyd og videoklipp. «Related links» er også nyttig. Minner også om Britannica online der du ved søk på land også får opp stoff frå Britannica Book of the year. Fleire lenker.

– Liv

Reklamer