Nasjonalbiblioteket har rundt ein million digitale objekt i samlinga i dag: aviser, bøker, bilde, tidsskrift, musikkopptak, lydopptak, radio og film. Her ligg det mye interessant og artig. Førebels er fokus mest på bevaring, ikkje så mye på formidling og innpakking.
Start leitinga i søkevinduet. Ein søker her både på digitalt materiale (grønt i trefflista), bibliografiske postar (grått i trefflista) og nettsider (blått). Når du har fått opp trefflista du muligheit til å avgrense i venstremenyen, på materialtype o.a.
Prøv feks eit søk på Trondheim avgrensa til digitalt innhold. Her får du bl.a. ein del opptak av radiosendingar og gamle plakatar. For å få høyrt på radiosendingane må du ha avspelingsformatet RealPlayer på PC’en. Programmet kan lastast ned, men på TKnett-PC’ar er det ikkje mulig.
For å få sett filmsnuttar må du også ha RealPlayer.
Filmtips: Reklamefilm for Stomatol!
– Liv