Da skal eg prøve å trekke ut nokre fleire tips frå det fullstappa søkekurset eg var på i begynnelsen av desember.
Etter gjennomgangen av dei tre største søkemaskinene (sjå del 1), var det gjennomgang av ei mengd med andre søkemaskiner. Her er eit utvalg:
– Exalead vart det brukt ein del tid på. Denne søkemaskina har mange avanserte muligheiter når det gjeld staving og avgrensingar. Feks kan du avgrense til commercial eller non-commercial sider. Har trunkering (*) og near-operator.
– Gigablast vart trekt fram for å ha great complex search and ranking toools. Ein stor fordel er at det ikkje er ads (altså reklame og sponsa lenker). Har grupperingsfunksjon (Gigabits clustering) i trefflista.
– SnapSearch visualiserer søkeresultata. Viser treffliste og aktuell side i to tabellar ved sida av kvarandre. Enkel å navigere i.
– Powerset.com søker berre i Wikipedia (den engelskspråklege versjonen, ser det ut som). Anbefaling om å sjekke ut Factz-funksjonen.
– NationMaster.com – såg veldig interessant ut. Visualiserer statistikk om land. Data kjem frå WHO, CIA World Factbook, UNESCO, OECD m. fl.
– Kosmix såg spennande ut. Sitat: Great integration of web media. Organiserer søkeresultat i grupper (Topics)
Bates gjekk også gjennom spesialsøkeverktøy for web 2.0, dvs. bloggsøk, twitter (mikroblogging), podcast, diskusjonsgrupper m.m. Var greitt å ha 23-tingkurset i botnen da!
Her skal eg berre ta med ein nettstad for web 2.0-metasøking, nemleg
– Keotag.com