Posts Tagged 'vitenskapelig informasjon'

Bibliotekkonferanse i nord

svolvær

Vi var to, av svært få søringar, som var så heldige å få reise på Bibliotekkonferansen i Nord, i Svolvær 23.-24. april. Konferansen hadde eit omfattande og variert program, med både bibliotekpolitiske / strategiske tema og fagstoff på detaljnivå. Dag to var hovuddagen med fleire parallelle sesjonar. Vi valde begge å gå på «Navigasjon: Digitale ressurser».
Skal i det vidare kort ta for meg tre av navigasjonsinnlegga her:

1) H e l s e i n f o  v i a  f o l k e b i b l i o t e k :
utfordringer med å veilede i digitale ressurser v/Elin Opheim,  leder for bibliotektjenesten ved Sykehuset Innlandet

Kva for rolle kan folkebibliotekene ta innanfor området helseinformasjon? Biblioteket ved Sykehuset Innlandet og Stange bibliotek hadde gått saman om eit prosjekt (forprosjekt) for å sjå på dette området.

Målgrupper for helsinfo: innbyggarar, sunne og sjuke. I tillegg helsepersonell (samhandlingsreformen gir auka behov for kompetanse) og  bibliotekarar.

Prosjektet har særleg gått på kompetanseheving for bibliotekarar.

Nokre nyttige nettsider som vart nemnt:

helsenorge.no – offentleg helseportal

Store medisinske leksikon – (blir ikkje oppdatert)

Norsk helseinformatikk   – sjukdommar etter kategori. Om nhi.no

www.helsebiblioteket.no  – pasientinformasjon! Her her det mye som er gratis og tilgjengeleg for alle. Tfb har i tillegg no IP-tilgang på skrankepc’ar og i publikumsnett og har dermed full tilgang til det meir spesialiserte stoffet også.

Heile foredraget.

******

2) G o o g l e  o g  m y e  m e r   f o r  f o l k e b i b l i o t e k
v/ Even Flood, universitetsbibliotekar ved NTNU

Kva kan folkebibliotek og folkebibliotekarer tilby av kvalitetssikret informasjon?
1. Rettleiing i å finne informasjon. 2. Maskiner med tilgang til baser.

I foredraget tok han hovudsakleg for seg gratistenester som: Google, Wikipedia m.fl., og kom også inn på nokre betalingstenester.

Google
Nyttig i Google: domenesøk, dvs. avgrense søket til eit domene.
Eks.: energi miljø site:uit.no  (Universitetet i Tromsø)

Wikipedia
Flood-sitat: «Bruk wikipedia som et ypperlig startpunkt, men ikke stopp der!»

I engelsk Wikipedia er artiklane no ofte skrivne av profesjonelle.  Dessutan er dei kjeldebelagt, og det er redaktørkontroll.

Wikipedia (engelsk) betre enn Britannica på små emne.

Wikimedia commons
commons.wikimedia.org
Wiki for bilder. Bruken av desse er fri, men oppgi alltid kjelde.

WolframAlpha
http://www.wolframalpha.com/
Eksempel på neste generasjons søkeverktøy, som prøver å gi svaret, ikkje berre lenker. Førebels ikkje til å stole på.

Open Access
Faglege artiklar som er åpne for alle.

DOAJ: Directory of Open Access journals, http://www.doaj.org : online katalog over tidsskrift som er redigerte og fritt tilgjengelege.  Innheld også ein del norske/nordiske tidsskrift (34 stk)
Er lenka til på vår interne oversikt over fulltekstdatabaser. http://www.tfb.no/privat/fulltekstbaser.html

Google Scholar
scholar.google.no
Google sitt søk for akademisk litteratur: artiklar, samandrag, utdrag mm. Fulltekstsøk. Blir stadig betre, i følge Flood.

B e t a l i n g s b a s e r
Idunn.no
www.idunn.no
Nordens leiande database for fagtidsskrift.

ISI Web of Science
Tverrfagleg bibliografisk siteringsdatabase. Les om kva siteringsindeks er.

Springerlink
http://link.springer.com/
Forskingsmateriale, men også ein del gode oversiktsartiklar. Hovedtyngda er innanfor vitskap, teknologi, medisin.
Noko er gratis: bibliografiske opplysningar og samandrag + artiklar som er Open access.

Fjernlånsproblem
med overgang til elektronisk materiale! Slikt materiale kan ikkje kan lånast inn av folkebiblioteka.
35 % av fjernlånstrafikken går i dag mellom folke- og fagbibliotek.

Les heile foredraget her: www.folk.ntnu.no/flood/foredrag/svolvaer.ppt

*******

3) A k t u e l le  p e r s p e k t i v  p å  O p e n  a c c e s s
v/ Jan Erik Frantsvåg, rådgiver ved Universitetsbiblioteket i Tromsø

«En slags definisjon:

At alle skal ha fri tilgang til å lese og gjøre seg kjent med innholdet i vitenskapelige publikasjoner, og til å utnytte innholdet på alle lovlige måter (skrive ut, lenke til, kopiere, distribuere osv.) uten andre begrensninger enn at man må ha tilgang til internett, forutsatt at opphavspersoner har kontroll over integriteten til sine skrifter, og har krav på å bli angitt som opphavspersoner.»

OA er kun retta mot vitenskapelege publikasjonar (ikkje lærebøker, ikkje popularisert vitskap …)

Bakgrunnen for OA er økonomisk og ideologisk. OA er til beste for vitenskapen og samfunnet!

OA Gull: publisering i OA-tidsskrift. (DOAJ med 9000 tidsskrift ca)

OA Grønn: eigenarkivering i vitenarkiv, feks ved ntnu

Gull OA Norge: 34 norske tidsskrift på norsk, engelsk nordisk.

Grønn OA Norge: ca 50 arkiv frå Universitet og høgskolar. Halvparten er masteroppgaver. Elles artiklar, avhandlingar … ca 71 000 dokument. Oversikt over norske publiseringsarkiv.

«Grått» materiale blir meir tilgjengeleg enn før.

Kor er det søkbart? Bibsys, som vi kjenner godt, men, gjer deg også kjent med NORA (prøv t.d. eit søk på Trondheim)

Vekst i OA globalt. Frantsvåg meiner OA på sikt vil bli den dominerande måten å publisere vitenskapeleg materiale på.

Les heile OA- foredraget .

******

Andre tilgjengelege foredrag.

Liv

Advertisements